lørdag 16. januar 2010

nous sommes samedi. je suis janvier.

"for hjertet er livet enkelt: det slår så lenge det kan"
- karl ove knausgård

og ingen er ei øy og alle er eit hav
eg dreg dagane etter meg som store skip. dei synk som titanic
eg tek skorne mine til skomakaren. eg bakar rundstykker. eg reiar opp senga. eg riv huden av tuppen på peikefingrane. med åra har han endra seg.

og ingen er ei øy og alle er eit hav.
i djupet sym ting som er stygge og skumle. dei har aldri sett dagslys. dei et av mitt skjellett
eg kokar tevatn. eg vaskar opp. eg prøver antrekk og bestemmer meg ikkje. eg legg meg under dyna på slutten av dagen. tenkjer alle tankar.

mandag 30. november 2009

helgen v. 48

eg ser barnefilmer og gret ganske mykje, dei er alltid så forbaska rørande, dei filmane. eg et ris og grønnsaker og frys litt, slit med sømnen og med draumane eg har når eg søv, eg bygger eit hus av trøtte dagar rundt meg sjølv, men

fyrste sundag i advent ler eg meir enn på lenge, lenge. eg ler så eg rister og kjenner haustmelankolien sleppe taket litt, og no venter eg berre på at alle dei fine folka skal bli ferdige med eksamen så me kan sjå meir til kvarandre.

så godt, så enkelt.

torsdag 5. november 2009

oktober, november

oktober var ein intens månad. blada fall av trea, og natta jobba fulltid. eg var på seminar og forelesning, las side opp og side ned på lesesalen, eg brukte mykje tid på kantinemat og kantineprat. eg skreiv ein tisiders oppgåve dagen han skulle innleverast, trykka på send ti minutter før midnatt, var så trøytt at orda glei over i kvarandre, fekk ikkje lese gjennom eller forsikra meg om at noko ga meining. eg var på fire konsertar, fire festar (og endå kunne eg kjenne meg fornuftig fordi eg sa nei til å vere med på minst like mange festar som eg var med på), ein flott quizkveld, og innom ei heil rekke utestadar og cafear. eg traff nye vener, gamle vener, nye bekjente og gamle bekjente, lot meg sjarmere av til saman fire gutar, fniste med venninnene som kom meg mykje nærare, i oktober. oktober. så langt i november (det er visst berre fem dagar) har eg mest berre sove, men og bestemt meg for å melde meg av eitt fag på universitetet, vore på eit foredrag om 1989 på litteraturhuset, dansa til skranglejazz, drukket øl på ein tilfeldig cafe på grünerløkka, vore på seminar og fått veldig mykje skryt og ein ekstra runde applaus fordi oppgåva mi var så særskildt bra, du veit, den eg skreiv på ein einaste slitsam dag i oktober. i morgon blir det øl med jentene og på sundag kjem ei anna venninne heim att, og då skal me fnisa heile kvelden og kikka etter gutane me er betatt av akkurat no. eg ringer deg i den augenblinken eg går av flyet, sa ho.

det er godt å vere barnsleg og det er godt å vere glad. eg blir 22 om nokre veker og kjenner meg verdsatt, eg har folk rundt meg som seier dei finaste ting om meg, som vil bruka tid med meg, og alt som er vondt blir mindre vondt. me greier oss. det er sant det dei seier om at alt blir bra til slutt.

tirsdag 27. oktober 2009

me kan vere så mangt, men

ikkje lukkelege no,

fine dagar ligg bak meg og framføre meg, men
denne augenblinken
er håplaus, eg har vondt i ryggen, i magen,
ein skulle ønskja ein kunne skrike slik at noko av det kom ut,
på utsida
release me
eg er kald på hendene, og det får meg til å tenke på at nokon greip dei og sa det,
men eg hugser ikkje kven det var
det kan ha vore så mange
men eg håper det var deg
eg lager meg kakao og tenkjer, tenkjer
eg har så vondt i ryggen,

eg drømte at eg møtte meg sjølv som baby
eg følte stor kjærleik og ga meg sjølv ein mjuk klem,
men eg greide ikkje løfte meg sjølv, eg var umogleg å bere
eg tenkte på alle borna eg har løfta utan problem, dei mykje større borna,
men eg kunne ikkje løfte meg sjølv, eg blei tyngre og tyngre og eg forstod
ingenting
ingenting
og no er eg vaken og kan framleis ikkje bere meg,
slik er det no

slik er det no

søndag 11. oktober 2009

under ein rød måne

er me så små
at me kan klora oss fast i sprekkene som danner seg i punktumet
er me så små
at me kan sitja i mørket og tru at me kan ønska oss større
byrja kvar dag som fingre og sno oss ut
i tomme rom

eg kan seie at eg snakker for mykje, eg kan seie at eg ler for høgt, eg kan seie at eg tek handa di fordi eg er kald, eg seier

me kan springe gjennom veggar

tirsdag 6. oktober 2009

hausten kjem åleine

oktober er eit islag under huda,
ein mangel på fotfeste -

eg står midt i dette eventyret som er grått og kvit og under vatn,
oslo opner seg opp som ein svolten ulv og spyr raude blad over gatene me går gjennom, på nattestid -
eg veit ikkje veien vidare,
eg kler meg i den svarte jakken og dei raske føtene,
den løyndosmfulle hjernen,

mellom hans fingre og mi hud
er ein naken himmel